onsdag 31. oktober 2012

Info om inne KM

Inne KM vert arrangert 10-11. november i Solevågshallen (Langevåg). Ca. 20 lag er påmeldt. Kvar kamp er på 1x20 min., og vi får truleg spele 4 innleiande kamper i gruppespelet.

Innledande runder vert spelt slik:
Laurdag 10.nov. 2 puljer speler kamper frå kl. 1000-1800
Søndag 11. nov. 2 puljer speler kamper frå kl. 0900- 1500. Sluttspel frå kl. 1500-1900.

Pulje- og kampoppsett vert klart i løpet av neste veke.

tirsdag 30. oktober 2012

VIKTIG !! Innetrening i morgon

Vi har fått treningstid inne i Ørstahallen i morgon kl. 1445- 1600. Vi får truleg også ei tid på søndag, uvisst klokkeslett enda.
Viktig at alle som kan kjem på trening, da det ikkje er sikkert at vi får fleire tider innendørs før KM.....

Trening i kveld avlyst

Treninga i kveld er avlyst. Oppfordrer alle til å trene på andre måtar, no medan bana er stengt pga. snø.

mandag 29. oktober 2012

Trening i morgon og onsdag kan bli avlyst

Bana er fortsatt ikkje brøyta, noko som medfører at treningane i morgon og onsdag kan verte avlyst.
FØLG MED PÅ BLOGGEN! Blir lagt ut beskjed samme ettermiddag om det vert trening eller ikkje....

søndag 28. oktober 2012

Treningar komande veke

Trening tirsdag kl. 1930- 2100 og onsdag kl. 1800- 1930

fredag 26. oktober 2012

Treninga i dag er avlyst!!!

Trening i dag avlyst pga. bana er ikkje måka...

torsdag 25. oktober 2012

Trening i morgon kl. 1730- 1900

Trening i morgon kl. 1730-1900.

onsdag 24. oktober 2012

Herd- Ørsta 9-2

Med berre 12 spelarar med, vart det ei tøff sesongavslutning for Ørstajentene. 0-0 stod seg til nesten halvvegs ut i første omgang. Herds første skoring kjem etter eit godt soloraid på kanten, og Herd er på plass på innlegget. Ikkje lenge etter svarer Ørsta. Keeper slår ein corner frå Tuva ut i feltet, og Else Mari er våkent på plass på returen og utlikner. Herd fortsetter med eit lite overtak i spelet, og kjem fleire gonger rundt på kantane med raske og driblesterke spelarar, og til pause står det 1- 3. Ein omgang der Ørsta ikkje treff heilt med pasningane, og ikkje klarer å skape så mykje sjanser. Men god innsats gjer at vi likevel klarer å halde Herd frå å skore fleire mål. I pausa vart det fokusert på pasningskvalitet, og å ta ut sikring på Herds kjappe kantspelarar.

Andre omgang starter med store sjanser til begge lag. Både Evy og Ingrid har sine muligheter, men der det vert nesten for Ørsta, er Herd svært effektive. I løpet av ei kort periode går dei frå 1-3 til 1-8 og kampen er avgjort. Felles for fleire av måla til Herd er gode soloraid, der Ørstaspelarane blir for passive, og Herd får drible seg gjennom alt for enkelt. Vi er i denne perioden ikkje flinke nok til å ta ut sikring og hjelpe kvarandre med å vinne ball. Likevel ein betre andre omgang av Ørstalaget. Løp og pasninger stemmer betre, og vi kjem til gode sjanser både gjennom banespel og på cornerar og frispark. Ørsta reduserer til 2-8 etter ca. 30 min. Målet kjem etter ein god corner frå Tuva der ein Herdspelar redder ballen på streken med handa. Dermed straffe til Ørsta som Tuva skorer på. Herd får eit mål til før kampen er over og 2-9 vert sluttresultatet. Eit tap som er i overkant stort etter spel og sjanser. Herd er effektive gjennom driblesterke og raske spelarar som Ørstalaget ikkje får tak på. Totalt sett ein ok kamp av Ørstajentene, men der prestasjonane svinger for mykje til at vi klarer å gjennomføre ein heil kamp. Ekstra pluss til Hilde i forsvar, Else Mari og Tuva på midten, og Ingrid på spissplass. 

Dermed ser det ut til å gå mot ein 7. plass for Ørsta i år. Dette i ein sesong som desverre i stor grad har vorte prega av fråfall, mangel på spelarar og store svingingar i prestasjonane frå kamp til kamp. Mange gode enkeltkamper, men også kamper der vi som lag ikkje får det til. Men store framganger i det offensive spelet i haust!!!! I vårsesongen skora vi berre 4 mål og sleit med å skape sjanser. I haust har det blitt heile 20 mål, og fleire kamper med flott og sjanseskapande spel. Bra jobba jenter ; )

No retter vi treningane inn mot inne KM 9- 11. november.

mandag 22. oktober 2012

Trening i morgon (tirsdag) kl. 1930

Trening i morgon kl. 1930- 2100

fredag 19. oktober 2012

Årets siste seriekamp, borte mot Herd

Sesongens siste seriekamp går mandag 22.okt. borte mot Herd kl. 1815.
Oppmøte kl. 1600. Desse er sett opp på køyring: Hilde, Aurora, Ingrid, Elisabeth
Bytt med andre om dokke ikkje kan...Husk 50,- til sjåfør.

Vi stiller dette laget: Hilde, Elise, Ingrid, Guro, Marine, Elisabeth, Tuva, Mathea, Evy, Linn, Stine, Marte, Else Mari, Julianne, Kristina, Jannicke, Sunniva F.

torsdag 18. oktober 2012

Trening i morgon (fredag)

Trening i morgon kl. 1700- 1830

onsdag 17. oktober 2012

Årets siste seriekamp mandag 22. oktober

Den utsette kampen borte mot Herd går mandag 22. oktober kl. 1815. Oppmøte på klubbhuset kl. 1600.
Desse er sett opp på køyring: Ingrid, Elisabeth, Aurora og Hilde.
Bytt med andre foreldre om de ikkje kan køyre.

mandag 15. oktober 2012

Trening i morgon kl. 1930

Trening i morgon (tirsdag) kl. 1930-2100

fredag 5. oktober 2012

Trening i haustferien

Det vert trening torsdag kl. 1930-2100. John Trygve tek denne treninga. Elllers er det også dametrening på tirsdagen.

torsdag 4. oktober 2012

Inne KM og siste kamp i serien.

Inne KM: Vert arrangert av Mauseidvåg og Solevåg IL helga 9-11. november. Ørsta stiller eit lag i jenter 15-16 år. Forsøker å få til noe treningstid i Ørstahallen i forkant av KM.

Siste seriekamp borte mot Herd: Kampen vert flytta, og blir spelt ein gong etter haustferien, truleg i veke 43. Info kjem...

Trening i morgon avlyst

Det vert ikkje trening i morgon. Neste veke vert det ei trening. Tidspunkt kjem..

onsdag 3. oktober 2012

Labb og Line fotballskule

Minner om fotballskule 8-10. oktober. Fotballskulen er for 6-14 år. Jentelaget må stille med nokre instruktører. Meld frå til Tone eller Arnstein Sandvik om du kan stille 1,2, eller 3 dager.

tirsdag 2. oktober 2012

Ravn- Ørsta 3-3

Mandag 1. oktober var det bortekamp mot Ravn. Første omgang starta med eit massivt trykk frå heimelaget, og Ørsta hadde nok med å forsvare seg. Ravn pressa høgt og var svært tøffe i duellane, og lukkast med å vinne ball på Ørsta sin halvdel. Ørsta kom meir med etter kvart, men det var likevel Ravn som skora først. 0-1 kom etter ca. 10 min, og 0-2 like etter. Ørsta kom også til nokre farligheter, mest på gode cornera og frispark. Etter halvspelt omgang starter Evy på eit fint løp, Tuva slår ballen gjennom forsvaret, og Evy skorer aleine med keeper. På slutten av omgangen skorer Ravn eit mål til, og det står 1-3 til pause.

I andre omgang er det eit heilt anna Ørstalag på bana. Vi får flytta laget lengre opp i bana, og presset på ballfører er mykje betre enn i første omgang. Ørsta vinn fleire av duellane, og får betre flyt i pasningsspelet. Ørsta har 3-4 kjempesjanser i starten på omgangen. Etter dette jamner spelet seg ut, og begge lag har sine muligheter. Etter ca. 20 minutt får Ørsta frispark. Tuva speler fri Else Mari, som med eit flott skot skorer frå like utanfor 16- meteren, 2-3 og ny spenning. Med ca. eit kvarter igjen å spele vert Ingrid flytta fram som spiss, og ho får uttelling nesten med ein gong. Ei lang pasning frå Tuva når Ingrid på lengste stolpe, og aleine med keeper sett Ingrid inn 3-3. Resten av kampen er det hard kjemping frå begge lag, og kampen kan bikke begge veger. Ørstaforsvaret og keeper Guro held nullen i andre omgang, og dermed poengdeling. Ein sterk andre omgang av Ørstalaget, der samtlige spelarar står fram og tek ansvar etter ein heller svak første omgang. Flott å sjå at jentene tek tak i arbeidsoppgavene dei fekk i pausa, og klarer å slå tilbake etter å ha lege under, og fått mange tøffe smeller av eit Ravnlag som spelte på grensa av det tillatte heile kampen. Siste kamp denne sesongen er borte mot Herd etter haustferien.

mandag 1. oktober 2012

Trening i morgon (tirsdag) kl. 1930

Flott kamp i kveld jenter!! (Referat kjem etter kvart). I morgon er det trening kl. 1930- 2100.